Haust i Stordalen

I år har vi ein utruleg flott haust med sol og nydelege fargar i naturen. Her er eit lite bilderas frå naturen i Stordalen. 30.-31.oktober arrangerar Stordalen Fjellstove vilthelg. Dette er ein fin anledning til å ta seg ein tur til fjells og oppleve dette området. Denne kan du lese meir om her >>

Blåbærhaust

fiske

Fiske middagen sjølv?

Som hytteeigar i Bjørkelia hyttegrend kan du fiske gratis i fjellvatna til grunneigarane. Her er alt lagt til rette for skaffe seg kortreist middag i form av fjellaure rett frå f.eks. Stølsvatn. Ein fin aktivitet for både vaksne og barn. Fiske i fjellvatn gir ei eiga ro, men og yrande spenning om du får napp. Og […]


Kor skal du i vinterferien neste år?

Kanskje hadde hytta i Stordalen vore eit godt alternativ? Frisk fjelluft, snødekt landskap og kanskje litt sol? Bygge snøhole med dei yngste ungane, ein fartsfylt tur i skitrekket med dei eldste. Ut på skitur rett frå terrassen. Slappe av i solveggen med appelsin og kakao. God fart på breidbandet så du kan kombinere arbeid og ferie […]

På ski

Sol og brøytekant

Vinter og snø

Det er flott med snø i Stordalen for tida. Ta deg ein tur til fjells for ein tur på ski eller for å måke hyttetaket litt. Det er brøyta heilt opp til Bjørkelia viss du vil oppom og sjå deg om. I skisenteret er det flotte forhold og ope i helgene. Meir om opningstidene ser du på […]


Legging av rør

Siste innspurt for å få på plass vatn, avløp og elektrisitet til austlege delen av Bjørkelia.  Vegen får seg ein oppgradering i same slengen og det er klart for opprydning langs denne. Sola skin og vi er klare for visning i Stordalen i helga. Kontakt Oddvar på telefon 970 37 566 om du og vil […]

graving tomt

Haust ved fjellvatn

Hauststeming i fjellet

Lufta er skarp, fargane klare og naturen gjer seg klar til vinteren. Kom oppom og finn di draumetomt:)    


Spennande utbygging på gang ved Stordalen fjellstove

Fjellstova skal byggast ut i retning vatnet og dermed får på plass møte- og konferanselokaler i kjellaren. I tillegg vil spisesalen kunne romme nesten dobbelt så mange gjester og terassen bli større. Utbygginga er ei ledd i satsinga mot bedriftsmarknaden. Meir om saka kan du lese på Strilen sine sider >>


Utsikt mot Stordalsvatn

Rundtur til Røyrdalsfjellet merka

Turen har start og mål ved Stordalen Fjellstove. Den må reknast som krevjande og tek omlag 4 timar. Sjå løype og nærare beskriving på ut.no>> God tur!


Nysgjerrig gjeng

I kveldsola ein sommardag gjekk denne vesle familien så fint og beita med Bjørkelia i bakgrunnen. Det måtte jo berre forevigast 🙂 Mor og to små ute på tur langs fylkesvegen  

Sau og to lam

Byggeaktivitet i hyttegrenda

Det er sommar og byggeaktivitet i Bjørkelia. Fleire hytter er under bygging, kjekt når arbeidet kjem i gang. Skogen er grøn, fisken bit og sola varmar. No er tida for late sommardagar på fjellet. Eller kanskje du vil hive deg med på nokon av aktivitetane Berg fritid arrangerer?   Muring på gang Ikkje noko å […]