Bjørkelia hyttegrend

Byggeklare hyttetomter i koseleg hyttegrend med flott utsikt. Kveldssol på terrassen heile året. Kos deg på hytta med appelsin i solveggen. Gå ein tur på ski eller til fots. Fisk middagen sjølv i eitt av dei flotte fjellvatna. Eller kanskje du er klar for ein aktiv dag i Stordalen skisenter? Og nokre i familien er gjerne mest interessert i å surfe på mobilen? I Stordalen finn du ro til rekreasjon og aktivitetar for den aktive. Samt natur som innbyr til bruk. I hyttegrenda er det lagt opp til breidband med god fart.

  • Ledige tomter: 9
  • Totalt tomter: 35
  • Etablert: 2012
  • Høgd over havet: ca 600 moh og har bra med snø om vinteren
  • Breidband, Telenor 4G
  • Gratis fiskekort i grunneigarane sine fjellvatn
  • Hyttetomtene er sør/vestvendt med ein storleik ca 1 daa

Byggeklart

Området er utbygd med veg, vatn, el-framføring og fullreinseanlegg for avløp. Ny reguleringsplan med veg heilt fram til hytta er under godkjenning. Tomtene er ferdig oppmålt, slik at du kan komme raskt i gang med byggearbeidet.

Pris

Pris frå kr 470 000,- til kr 590 000,-

Tilkomst

  • Køyr E39 nordover frå Bergen. Etter ca ein time ta av til høgre på Matre mot Stordalen. Etter ca 25 minutt ta av frå fv 92 ved dam Krokevatnet
  • Veg, vinterparkering og parkeringsplass i hyttefeltet er opparbeidd og asfaltert
  • Snuplass for brøytebil ved avkøyringa til Bjørkelia = vinteropen veg frå Matre.

Ledige tomter

Me har 8 tomter igjen i denne populære hyttegrenda. Sjå oversikt på kartet

Kart Bjørkelia hyttegrend