Som hytteeigar i Bjørkelia hyttegrend kan du fiske gratis i fjellvatna til grunneigarane. Her er alt lagt til rette for skaffe seg kortreist middag i form av fjellaure rett frå f.eks. Stølsvatn. Ein fin aktivitet for både vaksne og barn. Fiske i fjellvatn gir ei eiga ro, men og yrande spenning om du får napp. Og så smakar det jo ekstra godt med sjølvfiska, kortreist mat :)

Her finn du gode tips til fiske av fjellaure frå ut.no. Så då er det berre å leite etter dei gode fiskeplassane og slenge snøret uti.

Oppskrift på fjellaure med rømmesaus God middag!