Østerbøstølen hyttegrend

Østerbøstølen hyttegrend er ei ny hyttegrend med 10 tomtar som no er under planlegging. Plassert i starten av Bjørn West vegen som går til Stordalen fjellstove. Dette blir ei sentralt plassert og eksklusiv hyttegrend. Planar om å opne for større hytter og carport/garasje. Følg med for oppdatert info etter kvart som arbeidet går framover.

  • Heile feltet vert på berre 10 tomter
  • Veg fram til tomten og parkering ved hytta
  • Kan leverast med ferdig opparbeidd tomt
  • Østerbøstølen hyttegrend ligg på ca 550 moh. og har bra med snø om vinteren
  • Breidband og Telenor 4G
  • Gratis fiskekort i grunneigarane sine fjellvatn

Under planlegging

Hyttegrenda er under planlegging med mål om å vere klar hausten 2020.

Pris

Pris er ikkje fastsett endå.

Tilkomst

  • Køyr E39 nordover frå Bergen. Etter ca ein time ta av til høgre på Matre mot Stordalen. Etter ca 20 minutt kjem du fram til Bjørn West vegen. Feltet er under planlegging og ikkje utbygd.
  • Kort veg til skisenter
  • Vinteropen veg frå Matre.